Select Page

Published on 

Canon, EOS REBEL T3i

Free to use under the Unsplash License

 

Ara er eit samnamn på til saman ca. 16 artar neotropiske parakittar, fordelt over seks slekter. Ei av slektene er Ara. Araer er små til store, ofte fargerike papegøyar. Av dei mange slektene i Psittacidae, parakittar, har medlemmene i følgjande slekter fått dette samnamnet på norsk: AnodorhynchusCyanopsittaAraOrthopsittacaPrimolius og Diopsittaca. Araer lever ville i MexicoMellom-AmerikaSør-Amerika, og tidlegare i Karibia. Dei fleste artane er knytt til skog, spesielt regnskogane, men andre føretrekker skog eller savanne-liknande habitat.[1]

Dei har stort, mørkt, vanlegvis svart nebb, og ein relativt fjørlaus, lys flekk i andletet er karakteristisk for araer. Nokre gonger er flekken mindre hos einskilde artar, og kan vere avgrensa til ein gul lapp rundt auga, og hos andre går flekken til nær nebbrota som blant medlemmene av slekta Anodorhynchus, eller hyasintara. Ein ara sitt andletsuttrykk i fjørmønster er like så unikt som eit fingeravtrykk.[2]

Nokre av ara-artane er kjente for storleiken. Den største araen i lengd og vengespenn er hyasintara. Den tyngste araen er gladiatorara, men den tyngste papegøyen er kakapo, men er utan evne til å flyge. Som relativt store papegøyar, er araer av slektene CyanopsittaOrthopsittaca og Primolius likevel monaleg mindre enn medlemmene av Anodorhynchus og Ara. Den minste araen, dvergaraDiopsittaca nobilis, er ikkje større enn nokre av parakittane i slekta Aratinga.[1]

Araer, som alle andre papegøyar, tukanar og hakkespettar, har zygodactyle føter, det vil seie at første og fjerde tåa peikar bakover.[1]